跳到主要内容
Nelum
挪威的法律

Regulation No. 1867 on the use and order in harbors, Stranda Municipality, More and Romsdal

颁布于 2014-12-11 · 文本截至 2026-10-01

以研究形式发布的公开法律与官方指引,不构成法律、税务或金融建议。

研究内容本身以英文撰写。标题和标签已翻译,调查结果和引文未翻译。

关于这部法律

原标题
Forskrift om bruk av og orden i hamner og farvatn, Stranda kommune, Møre og Romsdal.
语言
Norwegian
类型
条例
组织
European Union
国家
挪威
主题
Sea
关键词
harbour, pollution control

在哪里阅读

    该法律没有记录来源链接。

文本

所收录的法律原文,按条款排列。每个条款都有自己的链接。

  1. Forskrift om bruk av og orden i hamner og farvatn, Stranda kommune, Møre og Romsdal Dato FOR-2014-12-11-1867 Publisert II 2014 hefte 5 Ikrafttredelse 01.01.2015 Sist endret Endrer FOR-2006-04-24-439 Gjelder for Stranda kommune, Møre og Romsdal Hjemmel LOV-2009-04-17-19-§14, LOV-2009-04-17-19-§42 Kunngjort 08.01.2015 kl. 15.00 Rettet Korttittel Forskrift om bruk av og orden i hamner, Stranda Heimel: Fastsett av Stranda kommunestyre 11. desember 2014 med heimel i lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann (havne- og farvannsloven) § 14 fyrste ledd og § 42 fyrste ledd. § 1.Formål Forskrifta gjev reglar om orden i og bruk av hamner og farvatn for å vareta omsynet til effektiv og sikker hamneverksemd, god framkome, trygg ferdsel og forsvarleg bruk og forvaltning av farvatnet. § 2.Verkeområde Forskrifta gjeld offentlege og private hamner og sjøområda i Stranda kommune. I hovud- og bilei gjeld forskrifta kun innanfor hamneavgrensingane i hamner fastsett i forskrift 30. november 2009 nr. 1477 om farleder og § 2 tredje ledd vedlegg 1. § 3.Krav ved opphald i hamn og ved kai Når fartøyet ligg ved kai skal ingen av propellane brukast før rett før fartøyet skal gå. Det same gjeld for andre typar framdrifts- og manøvreringsmidlar. Under manøvrering til eller frå kai skal skipet manøvrerast varsamt slik at propellvatnet ikkje valdar skade. Når fartøyet ligg ved kai skal dei av fartøyet sine utløpsopningar som vender mot kai og andre fartøy, vere forsvarleg stengt slik at spillvatn, damp eller liknande ikkje valdar fare eller er til unødig sjenanse. Fartøyet skal heller ikkje sleppe ut sot eller røyk som kan medføre skade eller vere til unødig sjenanse for hamneverksemda. Kommunen kan forby vedlikehaldsarbeid eller anna verksemd i hamna dersom dette er naudsynt for effektiv eller sikker hamneverksemd. § 4.Pålegg om taubåtassistanse, forsvarleg fortøying, oppankring og flytting Kommunen kan gje pålegg om bruk av taubåt eller fortøyingsassistanse dersom dette er naudsynt av omsyn til trygg ferdsel eller sikker hamneverksemd. Kommunen kan gje pålegg om fortøying eller oppankring dersom dette er naudsynt av omsyn til trygg ferdsel eller sikker hamneverksemd. Kommunen kan gje pålegg om at eit fartøy må flytte seg frå tilvist plass dersom det er naudsynt av omsyn til trygg ferdsel, sikker eller effektiv hamneverksemd. § 5.Plikt til å varsle om skade Den som har forårsaka skade på hamner, hamneanlegg eller innretningar skal snarast mogeleg melde frå til kommunen om skaden. § 6.Krav om løyve til å dykke Dykking i følgjande område krev løyve frå kommunen: a) Området ved Hellesylt Kai og tenderbrygge: LAT:62.05.122N–LON:006.52.508E b) Området flytebøye Hellesylt: LAT:62.05.225N–LON:006.52.481E c) Området ved Geiranger kai, Geiranger cruiseterminal og Seawalk: LAT:62.06137N– LON:007.12.298E d) Området oppgitt på kart som ankerposisjonar frå Grande og Homlong inn til Geiranger sentrum: LAT: 62-27N–LON: 005-59E. Dykking for å berge liv eller verdiar som ikkje kan vente til løyve er gitt, kan likevel gjennomførast. I slike tilfelle skal det snarast mogeleg meldast frå til kommunen om dykkinga. § 7.Luftfartøy § 8.Krav ved passering § 9.Forbod mot snøtømming: Det er forbod mot å tømme snø ved: a) Geiranger kai: LAT:62.06137N–LON:007.12.298E b) Hellesylt kai og Hellesylt ferjekai: LAT:62.05.225N–LON:006.52.481E c) Stranda Kai: LAT: 62.18,505N og LON: 006.56.995E. § 10.Andre reguleringar § 11.Unntak i særlege høve Kommunen kan i særlege høve gjere unntak frå § 3, § 6, § 7, § 8, § 9 og § 10. § 12.Reaksjonar og straff Ved brot på føresegner i denne forskrifta eller på vedtak fatta med heimel i denne, gjeld reglane i lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann kapittel 10 så langt dei høver. Vesentlege brot på § 4, § 6, § 7, § 8, § 9 og § 10 kan straffast med bøter etter lov 17. april 2009 nr. 19 om havner og farvann § 62. § 13.Iverksetjingstidspunkt Forskrifta vert sett i verk 1. januar 2015. Frå same tidspunkt vert forskrift 24. april 2006 nr. 439 om bruk av og orden i hamner, Stranda kommune, Møre og Romsdal, oppheva.

Regulation No. 1867 on the use and order in harbors, Stranda Municipality, More and Romsdal · Nelum