跳到主要内容
Nelum
挪威的法律

Regulation No. 1006 on the protection of Hardangermoreller as a protected geographical indication

颁布于 2006-08-25 · 文本截至 2026-10-01

以研究形式发布的公开法律与官方指引,不构成法律、税务或金融建议。

研究内容本身以英文撰写。标题和标签已翻译,调查结果和引文未翻译。

关于这部法律

原标题
Forskrift om vern av produktnemninga Hardangermoreller som beskytta geografisk nemning.
语言
Norwegian
类型
条例
组织
European Union
国家
挪威
主题
Food and nutrition
关键词
intellectual property rights, packaging/labelling, fruits/edible nuts, consumer protection, standards, certification, traditional knowledge/indigenous knowledge, geographical indication

在哪里阅读

    该法律没有记录来源链接。

文本

所收录的法律原文,按条款排列。每个条款都有自己的链接。

  1. 14/12/2020 Forskrift om vern av produktnemninga Hardangermoreller som beskytta geografisk nemning - Lovdata https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-08-25-1006 1/3 ➦ Gå til opprinnelig kunngjort versjon Forskrift om vern av produktnemninga Hardangermoreller som beskytta geografisk nemning. Dato FOR-2006-08-25-1006 Departement Landbruks- og matdepartementet Publisert I 2006 hefte 12 (Vedlegg) Ikrafttredelse 25.08.2006 Gjelder for Norge Hjemmel FOR-2002-07-05-698-§15, LOV-2003-12-19-124-§30 Kunngjort 01.09.2006 Korttittel Forskrift om produktnemninga Hardangermoreller Kapitteloversikt: Hoveddel Vedlegg. Beskriving av produktopphav og tilknyting til det geografiske området Fastsett av Det sentrale Mattilsynet ved hovudkontoret 25. august 2006 med heimel i forskrift 5. juli 2002 nr. 698 om beskyttelse av opprinnelsesbetegnelser, geografiske betegnelser og betegnelser for tradisjonelt særpreg på landbruksbaserte næringsmidler, fisk og fiskevarer § 15. § 1. Beskytta produktnemning Hardangermoreller. § 2. Rettmessig brukar Hardanger Fruktprodukt. https://lovdata.no/LTI/forskrift/2006-08-25-1006 https://lovdata.no/forskrift/2002-07-05-698/%C2%A715 https://lovdata.no/lov/2003-12-19-124/%C2%A730 https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-08-25-1006/%C2%A71#%C2%A71 https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-08-25-1006/KAPITTEL 1#KAPITTEL 1 https://lovdata.no/forskrift/2002-07-05-698 14/12/2020 Forskrift om vern av produktnemninga Hardangermoreller som beskytta geografisk nemning - Lovdata https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-08-25-1006 2/3 § 3. Vilkår for bruk av produktnemninga 1. Produktbeskriving Hardangermoreller er morellar (Prunus avium) dyrka i Hardanger frå sortane Chelan, Giorgia, Kristin, Lapins, Moreau, Regina, Samba, Skeena, Techlovan, Ulster og Van. Hardangermoreller skal ha dei spesielle eigenskapane som er karakteristiske for den enkelte sorten når det gjeld storleik, farge og smak, og tilfredsstille dei minimumskrava til storleik, farge og innhald av oppløyst tørrstoff som er gitt i tabell 1. Hardangermoreller skal vere feilfrie og ha stilk. Tabell 1: Spesifikasjonar Hardangermoreller Morellsort Storleik (mm) Farge (Cerice-skala) Oppløyst tørrstoff (%) Chelan > 26 4 14,0 Giorgia > 26 4 14,0 Kristin > 26 4 14,0 Lapins > 26 4 (-5) 14,0 Moreau > 26 4 14,0 Regina > 26 4 14,0 Samba > 26 4 14,0 Skeena > 26 4 14,0 Techlovan > 26 4 14,0 Ulster > 26 4 14,0 Van > 26 4 14,0 2. Geografisk område Hardangermoreller skal dyrkast, sorterast og pakkast i Hardanger, som omfattar kommunane Jondal, Kvam, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Odda. 3. Produksjonsmetode Produksjon av Hardangermoreller skal byggje på moderne dyrkingsteknikkar. Trea skal plantast som eitt år gamle «piske» eller to år gamle greinete tre, med ein planteavstand på 1,5-2,5 m i rada og 3,5-5 m mellom radene. Trea skal som hovudregel formast som ein «fri spindel» eller ein «slank spindel» (juletre), med gjennomgåande midtstamme og korte fruktberande greiner. Plantevernmiddel skal berre brukast i tråd med prinsippet om integrert plantevern. Det kan brukast dryppvatningsanlegg. Riktig modningsutvikling og haustetid skal fastsetjast av dyrkaren saman med fruktlageret på grunnlag av fargeutviklinga. Morellane skal tilfredsstille spesifikasjonane som er gitt i tabell 1. Morellane skal kjølast ned til 3-6 °C innan 4 timar etter haustinga. Etter at dei er sorterte og pakka, skal morellane lagrast ved (-)1-4 °C. Heimepakka morellar skal kontrollerast før dei blir sende til grossist. Utanom dei krava til merking som er gitt i næringsmiddellovgivinga, skal pakningar med Hardangermoreller vere merkte med namn og nummer på produsenten og namn på pakkeriet. Uavhengige fagfolk skal minst 5 gonger i året kontrollere ved stikkprøvar at morellar som blir selde under produktnemninga Hardangermoreller, tilfredsstiller krava i denne forskrifta. 4. Produktmerking Hardangermoreller kan merkast med figurmerket for beskytta opphavsnemning. § 4. Iverksetjing Forskrifta blir sett i verk straks. 14/12/2020 Forskrift om vern av produktnemninga Hardangermoreller som beskytta geografisk nemning - Lovdata https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-08-25-1006 3/3 Vedlegg. Beskriving av produktopphav og tilknyting til det geografiske området Morellar har vore dyrka i Hardanger sidan slutten av 1700-talet. Dei første morelltrea i Hardanger vart planta av sokneprest Atche i Ullensvang (1758-1771), men den første som foredla morellar, var bonde Lars Larsson Bleie (f. 1756). Han lærte seg å pode i 1775. Klima og jordsmonn i Hardanger er godt eigna for morelldyrking. Det kjølige klimaet gir morellar med friskare og meir syrleg smak enn det ein finn andre stader. Dette kjem av høgt innhald av viktige smakskarakteristiske fruktsyrer og sukker og god balanse mellom dei. I Hardanger blir morellar dyrka på skredjord, som er mineralrik og gir sunne og produktive tre. Jorda har god evne til både å halde på vatn og å magasinere varme, og dette gir gode vekstvilkår for trea og god fruktvekst. Den lange tradisjonen med morelldyrking i Hardanger har gitt dyrkarane gode kunnskapar om forholdet mellom sort, vekseplass og kvalitet. Gjennom dei siste 25 åra har forskingsarbeid utført i Hardanger gitt oss fleire morellsortar av høg kvalitet. Morellar dyrka i Hardanger har godt omdømme.

Regulation No. 1006 on the protection of Hardangermoreller as a protected geographical indication · Nelum